Stordal IL

Stordal IL gratulerer Tommy med fantastisk innsats både i Kollen og Vikersund!

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 10.02.2011

Tommy Lianes frå vårt eige vesle STORDAL IL - har dei siste dagane imponert heile Norge med si fantastiske skihopping. Først i Kollen med meget sterk 15.plass i senior-NM, og no i sjølvaste Vikersund - verdens tøffaste skiflygningsbakke. I skrivande stund har Tommy nådd 217 meter! Imponerande rett og slett!! Stordal IL er svært stolte over å ha ein slik idrettsutøvar i klubben og ikkje minst ein slik ambassadør for både Idrettslaget og Stordalsbygda vår. Her er dagens hopp på 217m ... Les meir under...

Vi sender gratulasjonar naturlegvis først og fremst til Tommy sjølv, men også til pappa Ole, mamma Hilde, søster Marte og til hoppmiljøet i Stordal IL der Tommy har vokse opp som skihoppar. Dokke kan alle vere svært, svært stolte av det Tommy har prestert dei siste dagane! Vi gleder oss alle til fortsettelsen...

Tommy imponerer hopp-Norge!

Støttespelarar

Grasrotandelen
Tafjord
BEPA 3D-engineering
Busengdal Transport
Helland Møbler
Pedro Eiendom
Sparebanken More
Stordal Billag
Stordal Kommune
Stordal Mobler
Stordalshallen
Orskog Sparebank