Klare for ny sesong


Innlagt den 29.11.2015

Den første snøen kom sist helg, men det er for lite til å køyre på skispor.
Vi er klare når det kjem meir snø, med dei same 3 sjåførane som sist vinter og med løypemaskin som i haust har fått service av leverandøren Antra AS.

Det har vorte planert og rydda litt i dei ymse traseane, og i Seljebotnløypa og på Pusken la vi i tillegg rør på fleire våte punkt. Same løypene som før, men det vert komande vinter ei ny skiløype på den nye turvegen frå Almås til Overøye som ligg på den kommunale leidningstraseen.

Stordal kommune har planert/grusa ferdig frå Almås til litt forbi HauPe-brua, men mot Overøye må det planerast meir slik at vi kjem fram med løypemaskina, og det har kommuna lovt å få utført snarast.

Det vert lagt skispor tirsdager, fredager og laurdager/søndager ved behov.
Først i sesongen Seljebotnløypa, lysløypa og stølane, men med fint ver/nok snø etterkvart innover til Jolbotn, Storvatnet og Lillevatnet. Men vert det fonnfare stoppar vi. Sjå på skisporet.no når og kvar vi har køyrt.

Klar til ny sesong


-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2018 eZ systems as