Påbygg Stordalshallen


Innlagt den 04.10.2013

BLI MED OG GI EI GÅVE TIL PÅBYGG STORDALSHALLEN – FÅ SKATTEFRÅDRAG I 2013

Korleis klarte vi oss før Stordalshallen kom? Mange har stilt spørsmålet. No bygg vi på!

Storstova vår vart opna i 1997, som resultat av ein enorm dugnadsinnsats og godt samspel av enkeltpersonar, frivillige lag og organisasjonar, kommune og næringsliv. Vi er stolte av Stordalshallen, som er til stor glede for både barnehage, skule, og alle frivillige lag og organisasjonar i Stordal. Samstundes er Stordalshallen ein ettertrakta samlingsplass for mange andre aktørar frå heile fylket.

Stordalshallen utvidar no med eit 350 kvm stort påbygg beståande av etterlengta lager, to nye garderoba r, seks toalett der to er for rørslehemma, og i tillegg fleire tekniske rom.

Byggeprosessen er godt i gong, og du kan fylgje med i framdrifta både på Stordalshallen si heimeside www.stordalshallen.no og på facebook: ”Utvidinga av Stordalshallen ”.

Stordal IL har sagt at vi vil skaffe ein halv million til påbygget ved Stordalshallen, som er kalkulert til 6.4 mill.kr. Vi er halvvegs i mål med innsamlinga og no ber vi om di støtte!

Du vil få frådrag i skatten for gåver på minimum kr 500 og heilt opp til kr 12 000. Stordal Idrettslag rapporterer via Norges Idrettsforbund, og gåver på idrettslaget sin konto før nyttårsaftan vil stå oppført i sjølvmeldinga for 2013, post 3.3.7.

Styret i SIL er glade for både små og store bidrag. På førehand, tusen takk for gåva!

Beste helsing

STORDAL IL
Vigdis Hove Øie
Leiar

LINK TIL GIRO FOR INNBETALING

Utbygging Stordalshallen


-- Printa ut frå STORDAL IL si heimeside, www.stordalil.no, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2018 eZ systems as